Skip to the content

HAVlunsj

17. September 2020, 11:30 - 12:30

WEBINAR

Event registration is closed.

17
Sep

Vi inviterer til HAVlunsj om grøn skipsfart med EU-støtte - i regi av NCE Maritime CleanTech denne gangen.

Bedrifter i NCE Maritime CleanTech har hatt stor suksess i å henta innovasjonsmidlar frå EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Til saman har det blitt løyvd over 500 millionar kroner dei siste to åra til klyngedeltakarane våre.

I denne havlunsjen presenterer me fleire pågåande europeiske pionerprosjekt som utviklar grøne maritime løysingar. Felles er deira sterke involvering av norske industripartnarar. I tillegg får ein siste nytt om dei nye programma for EU-prosjekt, det inkluderer både Horisont Europa, Green Deal og Innovation fund.

Seminaret blir opna av næringsminister Iselin Nybø.

Program

  • Noreg som grønt fyrtårn i EUs satsing på grøn maritim innovasjon – Iselin Nybø, næringsminister
  • Grøn maritim innovasjon med EU-støtte – Marie Launes, head of communications EU projects TrAM, ShipFC, FLAGSHIPS
  • Korleis klarte eit lite selskap frå Florø å få 45 millioner fra EU – Leif Stavøstrand, CEO, Evoy
  • EU-prosjekt – korleis starta arbeidet? – Marte Jensen, EU advisor, NCE Maritime CleanTech

Deltakelse og kostnad

HAVlunsjen er gratis og åpen for alle, men påmelding er obligatorisk.

Påmelding

Påmelding hos Maritime CleanTech. Når du registrerer deg, vil du få tilsendt ei lenke der du kan følgja webinaret. Vel møtt!

Merknad: Denne havlunsjen er tilpassa lunsjtida på konferansen The Ocean Digital same dag.

HAVlunsj

HAVlunsj er en serie med lunsjmøter i regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation Cluster, Marineholmen og NCE Maritime CleanTech.

HAVlunsj er en uformell møteplass for havnæringene, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging.

HAVlunsj blir arrangert nest siste torsdag i måneden.